Kontaktopplysninger

Dønhaug Gjestegard
Dønhaug
5463 Uskedalen

Telefon: 53 48 60 09
Mobil: 970 40 153

E-post: donhaug.gard@knett.no

Dønhaug Gjestegard nettsider

Søk i Dønhaug Gjestegard

Bransjer

Dønhaug Gjestegard

Dønhaug Gjestegard ligg på eit aktivt gardsbruk like ved sentrum
i Uskedalen. Her finn du dei fleste dyr som bør vera på ein gard.
Garden ligg høgt og fritt med panoramautsikt over bygda, fjella, dalen og Hardangerfjorden. Me kan tilby gjestene overnatting i historisk atmosfære, riding, fiske i elv/sjø, jakt, ølbrygging, eigen gards-pub/selskapslokaler, matservering til grupper m.m.

Overnatting
Det eldste gardshuset frå 1900 er rehabilitert, der me har teke vare på huset sitt særpreg. Her er det fire store dobble soverom, i tillegg kan det setjast inn ekstra senger på tre av romma. Felles stort kjøkken, stove og to bad. Eignar seg godt for familiar som ferierer i lag. I tillegg kan me tilby overnatting i bestemorsstova, to soverom, kjøkken/stove og bad.
Gjestene steller seg sjølve.

Dønhaugkjedlaren
Pub/selskapslokale med plass til ca 70 gjester. Ligg i kjellaren på det
eldste våningshuset. Eignar seg godt til selskap, firmaturar, møtelokale m.m. Kjellaren har særpreg, med eit spesielt inventar og stor open gruve.
Lokalet har skjenkeløyve med alle rettigheiter.
Her vert det og arrangert pubkveldar med musikk og underhaldning.

Dønhauglåven
Selskapslokale med plass til ca 400 gjester(ca 250 spisegjester).
Denne vert nytta i sommarhalvåret til større låvedansar med kjende orkester.
I sommar kan du oppleve både Heimalanne, E-76, Åsmund Åmli Band
og den irske artisten Andrea Rice m/orkester.
Kan òg leigast ut til større private arrangement.

Stall Dønhaug
Garden har eigen ridestall med 8 hestar og eigen ridebane. Her er
det mogeleg å leiga hest, eller delta på turriding eller ridekurs.

Fiske/jakt

Garden disponerer eigen fiskehøl (Dønhaughølen) til gjestene sine. Hølen er
ein av dei beste fiskehølane i Uskedalselva. Hølen eignar seg og godt til flogefiske. Elva er ei framifrå sjøaure-elv, men har og oppgang av laks.
Garden disponerar jaktrettar for både storvilt og småvilt som i særskilde høve kan leigast ut til gjester.

Besøksadresse: Dønhaug, 5463 Uskedalen

Beregn kjørerute:

Vis på kart (nytt vindu)

Uskedalen

I hjarta av Kvinnherad kommune og som porten til Hardanger ligg Uskedalen med ca 1000 innbyggarar. Bygda har det meste – frå fjord til fjell – eit Norge i miniatyr.
Her er det merka ulike turstiar og fjellturar for alle kategoriar – alt frå rolege familieturar til fjellklatring i Ulvanosi (1247 m.o.h.) med over 20 klatreruter av varierande vanskegrad.
I Uskedalen finn du to båthavner med plass til 140 båtar, fine badeplassar både i sjø og elv, dei fleste servicetilbod m.m. Sjå www.uskedalen.no

Samlet vurdering:       Brukeromtaler

Vi vil gjerne vite din erfaring med Dønhaug Gjestegard.

Si din mening her
0 av maks 200 tegn

LukkTakk for ditt bidrag

Din omtale er mottatt og vil bli behandlet innen kort tid

Du vil motta en bekreftelse når omtalen er behandlet til din oppgitte e-postadresse.

Takk for ditt bidrag.

LukkVarsle Kvasir om støtende innlegg


Felt merket med stjerne (*) er obligatoriske.

LukkTakk for ditt bidrag

Din rapport er mottatt og vil bli behandlet innen kort tid

Du vil motta en bekreftelse når rapporten er behandlet til din oppgitte e-postadresse.

Takk for ditt bidrag.


Les våre retningslinjer. (*) betyr at feltet er obligatorisk.

En Kvasir Pluss på Kvasir

Brukeromtaler

Hva mener du om Dønhaug Gjestegard?
Vi trenger din tilbakemelding!

Si din mening